Trevliga kockar sökes för sommarsäsongen på Flåmsbrygga Hotell!

  • FLÅMSBRYGGA HOTELL
  • Flåm, Norway
  • 23/06/2021
Säsong Hotell, restaurang, storhushåll

Arbetsbeskrivning

KOKK / KJØKENASSISTENT

Vi ser etter DEG som vil leggje nokre veker til Flåm i beste sommartid, for å jobbe som kokk/kjøkenassistent i populære Flåmstova Restaurant, Furukroa Kafé og Ægir BryggeriPub.

Flåm er eitt av Noregs mest populære reisemål, lokalisert i det spektakulære verdsarvområdet rundt Nærøyfjorden. Her finn du eit stort og breitt utval aktivitetar og opplevingar!

Vi på Flåmsbrygga gjer oss klare for nok ein travel sommarsesong. Konseptet omfattar hotell og tre serveringsstader, og er søsterbedrift til Ægir Bryggeri. Ægir er den raude tråden på Flåmsbrygga både i design, arkitektur og smakar. Vår matfilosofi er at det skal vere Ægir-øl i og til maten.

VI SER ETTER DEG SOM:

  • Brenn for matlaging
  • Har relevant utdanning og/eller relevant erfaring
  • Snakkar eit skandinavisk språk og/eller engelsk
  • Har kunnskap om matallergiar
  • Er fleksibel og arbeidsam
  • Likar å jobbe i eit uformelt og fleirkulturelt team
  • Vil jobbe dag, kveld og helger etter skiftplan

Du kan rette spørsmål og sende søknad med CV til:

Eileen Winnem Bjerga, Driftsleiar. Telefon: +47 57 63 20 66 / E-post: eileen@flamsbrygga.no

Oppstart etter avtale.

Er du, eller nokon du kjenner, rett for jobben?